Blomvåg kyrkje

Blomvåg kyrkje frå 1931

blomvag1

Alt frå 1900 vart tanken om ei eiga kyrkje for denne delen av Øygarden nemnt. Bygginga vart likevel ikkje realisert før i 1930 då generalkonsul og grosserar Ingwald Nielsen, busett i Oslo, men fødd i Blomvåg, melde at han ville gi bygda ei kyrkje som minnegåve etter foreldre og besteforeldre. Kyrkja skulle leverast fullt ferdig, med vilkår om at kommunen stilte fri tomt og opparbeidde grunnmur og veg.
Som arkitekt vart Carl Berner valt.
Kyrkja vart vigsla 25.11.1931.
Ein ytre borggard var noko av særpreget ved kyrkja. Folk som kom i båt skulle ha ein stad der dei kunna koma i ly for vind og regn, tørka seg etter sjøreisa og skifta klede.

Bilete frå innsida av Blomvåg kyrkje etter restureringen

Påbygg og rehabilitering

I 1982 vart det bygt sakristi mot nord og servicebygg med bårerom. På 90-talet var det planar om ei omfattande utbygging av kyrkja for å få plass til fleire og få ein tenleg kyrkjelydssal. Planen vart skrinlagt i 1999.

Ei større rehabilitering av kyrkja fann stad i 2009/10. Då vart det m.a. oppdaga store roteskader under golvet som måtte skiftast. I tillegg vart det skifta vindauge og det kom nytt tak utvendig.

Innsida av Blomvpg kyrkje etter rehabilitering sett frå alteret

Benkane vart bytta ut med stolar. No er det sitjeplass til om lag 250 menneske i kyrkja.

Plassen utanfor vart i 2011 asfaltert på nordsida, med belegningsstein ved hovudinngangen.

Gravplassen i Blomvåg

Då kyrkja var ny, vart det ikkje opparbeidd gravplass i Blomvåg. Kistene vart førde til Herdla kyrkje heilt fram til 1941, då Blomvåg fekk sin eigen gravplass. Seinare er denne utvida både vestover og nordover.

I 2001 stod Blomvåg nye gravplass ferdig. Dei første gravene her er frå 2002.