|

Då Hjelme gamle kyrkje vart reist i 1875, vart ho bygd som sommarkapell i Manger prestegjeld. Det var montert omn i 1912, men det var vanskeleg å varma opp ei kyrkje utan isolasjon. Kyrkja var også trang i mange høve, og konstruksjonen gjorde det vanskeleg å få til ei utviding. Gravplassen var fylt opp, og ny gravplass vart vigsla i 1947 i Stakksmyra sør for Bakken skule. På slutten av 1950-talet kom nye vegar og bruer i soknet, og ferdsla vart flytta frå sjø til veg. Dette var bakgrunnen for vedtaket om å byggja ny kyrkje i soknet. På eit soknemøte i 1958 var det 93 som røysta for å byggja ny kyrkje, medan 3 røysta for å restaurera den gamle kyrkja og byggja gravkapell i Stakksmyra. Alvheim krins vart også lagt til Hjelme sokn, og då vart det 600 nye kyrkjelydsmedlemmer. Før kommunesamanslåinga i 1964 hadde Hjelme kommune bygd opp eit fond til ny kyrkje. Det vart valt tomt på høgda sør for gravplassen i Stakksmyra. Arne Halvorsen vart arkitekt for bygget som var inspirert av naustforma. Under bispevisitasen i 1969 vart grunnsteinen lagt ned på tufta av biskop Per Juvkam. 13.juni 1971 vigsla Per Juvkam kyrkja som har 340 sitjeplassar. Orgel til kyrkja vart levert av Vestlandske orgelverkstad i Hareid.
Glasmåleriet vart laga i USA av Walter Judson, Los Angeles. Det har tittelen: Jesus velsignaren Det var ei gåve frå brørne Knut og Ola Hovden som hadde utvandra til Amerika tidleg på 1900-talet. Ola var til stades då kyrkja vart vigsla i ein alder av 86 år.
|
Preikestolen er laga av verksemda Os treindustri. Dei to kyrkjeklokkene er det Olsen Nauen som har produsert. Inskripsjonar på desse er: ”Dei skal gjeva Herren æra”, ”Dei skal forkynna hans pris på øyane.” Kyrkjesølvet, nattverd- og dåpsutstyr, lysestakar og vasar, er levert av David Andersen. Emma Knutsen, Hernar, laga ein alterduk til kyrkja var ny i 1971. På 1990-talet hekla Sanna Hjelme og Maria Sæle ein ny alterduk som dei gav til kyrkja. Messehaklar, raud, grøn og fiolett, er laga av Vanpoulles, Surrey. Det har vore utført mindre endringar inne i kyrkja gjennom åra. Det er lagt skiferstein i koret, og hausten 2011 vert det sett inn nye vindage og benkane i kyrkjesalen vert skifta ut med stolar.


Biletet frå gravplassen på Stakksmyra, nordom kyrkja. Denne vart teken i bruk i 1948. Seinare er han utvida med to felt mot nord. Gravplassen vil dei neste åra verta utvida mot vest.
|