Om kyrkjeverja og rolla
Olav Martin Vik er kyrkjeverje i Øygarden. Kyrkjeverja har det daglege ansvaret for kyrkja sitt arbeid på vegne av Fellesrådet og Soknerådet. Kyrkjeverja har leiaransvar, personalansvar, økonomiansvar og driftsansvar for kyrkjer og kyrkjegardar og er sekretær for fellesrådet og soknerådet. Kyrkjeverja førebur sakene til desse råda.
Vik tok til i stillinga som kyrkjeverje i år 2000, då Olav Mikkelsen vart pensjonist. Odd Normann Thormodsæter var kyrkjeverje medan Vik var ordførar i Øygarden (2001-2011).
Tidlegare kyrkjeverjer
1995 - 2000 Olav Mikkelsen (ved/frå oppretting av fellesråd)
2001 - 2003 Borghild Hustad Berge (vikar for Olav Martin Vik)
2003 - 2011 Odd Normann Thormodsæter (vikar for Olav Martin Vik)
2008 - 2009 Annlaug Børve (vikar for Odd Normann Thormodsæter ved sjukdom)
Om kyrkjeverjerolla
Dei aller fleste fellesråda kallar stillinga for «kyrkjeverje». Det er i tråd med ein 800 år gamal tradisjon. Andre stader er den kalla «kyrkjesjef» eller «administrasjonssjef for kyrkja». På mange måtar er dette kyrkja si «rådmannsstilling» som skal profesjonalisere arbeidet i fellesrådet og gjere det enklare å vere vald medlem av rådet.